Om
Den 9. april 1940 vart tyske troppar landsette i Noreg. Vi var i krig, og krigshandlingane i landet skulle vare i to månader. Dei hardaste kampane i Sør-Noreg fann stad i Kvam i Gudbrandsdalen 25. og 26. april mellom tyskarane og britane. Om lag 70 hus brann ned, deriblant kyrkja i Kvam. Desse hendingane er også bakgrunnen for at vi har utstillinga Gudbrandsdal krigsminnesamling, opna 5. mai 1995, som er ei unik minnesamling om krig, okkupasjon og forsvar i Gudbrandsdalen.
Gudbrandsdal Krigsminnesamling ligg vegg i vegg med fredsparken som har minestein over falne under 2 verdskrig.
www.krigsminne.no
Åpningstider
Gudbrandsdal Krigsminnesamling (11 Jun 2024 - 10 Aug 2024) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag - Søndag | 09:00 | - 14:00 |
Fasiliteter
Sesong
- Sommer