Om
Rudi Gard tilbyr konsertar, revy, teater, utstillingar og servering. Rudi er av Gudbrandsdalens mest aktive kulturarenaner, og mange av landets mest kjente og kjære artistar er årleg innom. Lokale artistar har også stor plass på plakaten til Rudi Gard. Rudilåven er hovudscene med rom for 470 personar i intim atmosfære. Låven brukes også til store selskap, og det kan dekkes for inntil 450 personar, men fortsatt i ei intim og hyggeleg atmosfære. Fjøset og to andre eldre låvebygg er innreidd til serveringslokale, og veggene er fyllt av kunstnarar som har salsutstillingar med kunst og handverk.
Rudi ligg i eit velpleia kulturlandskap med mange kulturminne, og pilegrimsleden til Nidaros går gjennom gardstunet.
"I låven kan lukten av høy fortsatt innbilles. Over oss ruver solid reisverk av grovt tømmer. Revyartister fyller scenen før rockerne utfordrer bjelkelag og trommehinner. Neste gang er det spelemenn eller nasjonale artister som inntar låven. Vegg i vegg ligger låvepøbben. Kunstnere fyller veggene - -"(avisa GD).
Bedrifter og grupper kan reservere Rudi Gard for eigne arrangement. På Rudisetra ved Gålå er 20 senger fordelt på fire hus til leige gjennom heile året, og Rudi Gard samarbeider også med fleire gode overnattingsstader både i dalen og på fjellet.
Garden er nemnd i eit diplom frå 1319, og slekta har vore på garden så lenge ein veit. Øystein Rudi er gardbrukar og spellmann med ei rekkje oppdrag innanlands og i utlandet. Cd-produksjonar har resultert i fire Spellemannsprisar. Rudi Gard mottok i 2003 SND Opplands bygdeutviklingspris for nyskaping og Sør-Fron kommunes kulturpris, og i 2004 Kulturprisen for Gudbrandsdalen og den nasjonale bygdeturismeprisen. I 2015 var Rudi Gard tildelt Verdiskapingsprisen for Midt-Gudbrandsdalen.